Helse | 19. apr. 2021

Tilsett skadd under ommøblering

Politi og ambulanse rykte ut til Amfisenteret.

Tilsett skadd under ommøblering
Elkjøp er under ombygging, men det var ikkje ein innleigd handverkar som skadde seg i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. apr. 2021 12:06

Måndag klokka 11.36 kom det melding om arbeidsulykke i Prestegardsskogen.

Uhellet skjedde hos Elkjøp på AMFI Os, som er under ombygging.

– Det er ikkje ein innleigd handverkar som har skadd seg, men ein av våre eigne, fortel butikksjef Bjarte Daae-Johannessen.

Den tilsette var med og skulle flytta ein reol då ei plate lausna og landa i nakken hans.

– Han var oppegåande, men svimmel etterpå, og er no til Haukeland for sjekk. Det såg ut som om det gjekk fint med han.

Maksimal krymping

Elkjøp Os starta i mars ei omfattande ombygging og oppussing av butikken, eit arbeid som skal vara til starten på juni.

Butikken held ope mens arbeidet pågår.

– Omsetnaden har halde seg på eit bra nivå, sjølv om minst ein tredel av utstillinga har vore stengt av.

– Nett no er butikken på sitt minste, kanskje berre på ein fjerdedel, men allereie i neste veke kan vi ta i bruk halve salsarealet. Då er mykje av det nye klart, seier Daae-Johannessen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.