Lokal | 15. okt. 2012

Tilstanden er framleis alvorleg

Politiet er interessert i fleire tips etter fallulykka på Oseana.

Tilstanden er framleis alvorleg
Her sto mannen før han ramla i asfalten ein god etasje nedanfor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 15. okt. 2012 09:27

I 23.30-tida fredag kveld ramla ein 22 år gamal mann ned frå terrassen utanfor inngangen til foajeen i Oseana.

Laurdag opplyste Helse-Bergen at tilstanden hans var alvorleg.

– Vi har snakka med fleire som var på Oseana fredag kveld, men vi er framleis interessert i opplysningar. Vi set pris på om dei som snakka med vedkomande i forkant av ulykka tar kontakt, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Søndag kveld blei tilstanden til mannen oppdatert som framleis alvorleg.

Også måndag formiddag skal situasjonen vera alvorleg og politiet har førebels ikkje fått snakka med vedkomande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.