Brann og beredskap | 04. feb. 2023

Tipsar om båt under vatn

– Det er neppe fare for betydeleg forureining, men eigar bør få den opp.

Brannvesenet mistenker ikkje at den opne båten har store drivstoffmengder om bord. (Lesarbilde, foto: Knut Vernøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. feb. 2023 12:17

Laurdag har vi fått tips om ein båt som ligg under vatn.

Båten ligg på svai i Vargavågen.

Båten ligg på svai i Vargavågen. (Lesarbilde, foto: Knut Vernøy)

Brannvesenet kjente ikkje til båten då Midtsiden tok kontakt.

– Ut frå kva du fortel høyres det ikkje ut som eit oppdrag for oss, seier vakthavande ved Bjørnafjorden brann og redning, branningeniør Martin Østgulen Svendsen.

– Faren for betydeleg forureining er liten i ein open båt som kanskje har påhengs og ein 30-literstank, og det vil vera lite vi kan gjera til eller frå når han allereie har gått ned.

Brannvesenet oppmodar eigar å få båten opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.