Tissa og bløffa
Klokka 00.09 i natt fekk politiet melding om ein rusa, vanskeleg person i Os sentrum. Då politiet kom fram var han vekke.
- Vi fekk fleire meldingar om ordensforstyrringar, men då patruljen kom fram var det ingen der, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Konrad Grindeland.
Men i 2-tida tok dei ein for urinering på offentleg stad. Vedkomande gav falsk personalia, noko patruljen av ein eller annan grunn fann ut av, så det blir han meldt for, i tillegg til at han må punga ut for urineringa.
- Om lag på same tid fekk politiet melding om slåssing i Torggata. Då dei kom fram var det ikkje slåssing der, men ein del folk. Nokre av dei som sto igjen fortalte at to personar nettopp hadde løpt frå staden. Her kan det koma inn anmeldelse seinare, seier Grindeland.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.