Politi | 25. mai 2023

Tjuveri av elsykkel og forsøk på bedrageri

Prøvde å betala vare med stole kort.

Tjuveri av elsykkel og forsøk på bedrageri
Politiet var i går på AMFI Os for å leita etter den mistenkte. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. mai 2023 07:31

Ein mann som skulle betala for ei vare på ein butikk .på AMFI Os, skal ha blitt stressa då ein tilsett fortalte at kortet han brukte er meldt stole.

Politiet fekk melding om saka klokka 17.52, og rykte ut for å leita etter mistenkte.

– Han såg ut til å vera i 30-40-åra, og gjekk med mørke klede, caps og ein brungrønn sekk, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Patruljen sitt søk var utan resultat.

Stolen sykkel

Seinare på kvelden, rett før klokka 22, fekk politiet melding om stolen elsykkel.

Elsykkelen skal ha vore i området rundt Kiwi og Vartun då den blei tatt.

– Forholdet blir meldt.

Eldre kvinne bulka i sentrum

Onsdag i 14.50-tida fekk politiet melding om ei eldre kvinne som hadde køyrd inn i fleire bilar i Torggata i Os sentrum.

– Ei kvinne i midten av 80-åra hadde køyrd inn i bilen til ei anna kvinne i midten av 80-åra, fortel Lyssand.

Det var låg fart og var berre små skadar. Det var også berre denne eine bilen vedkomande hadde kome borti.

– Partane skreiv skademelding. Det blir ikkje noko politisak av hendinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.