Lokal | 20. mai 2017

Tjuveri av elsykkel og funn av narkotika

Fredag blei ein elsykkel meldt stolen, natt til laurdag blei to tatt med narkotika, mens ein annan måtte stablast på beina etter at han sovna i vegen.

Tjuveri av elsykkel og funn av narkotika
(Arkivfoto/ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 20. mai 2017 09:31

Fredag klokka 14 fekk politiet melding om tjuveri av ein elsykkel.

– Sykkelen sto utanfor ein bustad på Gudriflaten då den blei stolen. Den har ein verdi på 14.000 kroner, og er truleg stolen natt til fredag, seier Hans Eirik Thue, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Fredag i 19-tida blei det funne ein gitar i Os.

Gitar med utstyr sto på ein busshaldeplass på Strønevegen, på fastlandet før Strønebrua.

Natt til laurdag, klokka 03.17, blei to personar i slutten av 20-åra stoppa av politiet og kontrollert i Os sentrum.

– Det blei funne mindre mengder narkotika på begge to.

Klokka 03.30 rykte politiet ut til Søfteland, der det låg ein ganske full mann og søv i vegen.

Han blei sjekka og funnen i god nok stand til å sendast i marsj retning heim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.