Politi | 23. jan. 2024

Tjuveri av minst to påhengsmotorar

Politiet ber dei som ferdast nær hamn vera observante.

Tjuveri av minst to påhengsmotorar
Brua over Toreidpollen til Brattholmen, her i 2022. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 23. jan. 2024 09:10

Måndag formiddag i 10-tida fekk politiet melding om tjuveri av to påhengsmotorar i Øyane.

– Vi oppmodar dei som ferdast i og nær hamn å vera observante, og å melda ifrå om dei ser mistenkeleg åtferd, seier politioverbetjent Christine Grindstein.

Hamnedrivar i Toreidpollen, i marinaen i flytebrua over til Brattholmen, opplyser på Facebook at det er i dette bryggeanlegget tjuveria har skjedd.

Det skal vera tre påhengsmotorar som er stolne. Alle er små, frå 10 til 20 hk.

Tjuveriet skal ha skjedd i løpet av natt til måndag.

I går blei det funne ein båt med klippa leidningar i ei anna hamn i Øyane.

– Det skal vera tjuveri av motor frå denne båten, opplyser politiet.

Merke på dei sakna motorane skal ikkje vera notert, men éin av dei er ein Suzuki stolen frå ein Askeladden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.