Lokal | 07. juli 2017

Tjuveri og ransaking

Liten RIB stole frå Halhjem. Klede stole frå butikk på Amfi Os. Funn av tabletter og GHB under ransaking.

Tjuveri og ransaking
Politiet fekk melding om eit tjuveri frå ein butikk på Amfi Os torsdag (ill.foto: KVB)
Andris Hamrefredag 07. juli 2017 10:17

Politiet fekk torsdag morgon melding om ein båt som er stole frå Halhjem ferjekai.

– Det er snakk om ein liten grå RIB med ein eldre 9,9 HK Yamaha påhengsmotor. Båten har lagt ved kiosken på Halhjem ferjekai i omlag ei veke før den blei stole. Om det er nokon som veit noko eller har sett noko må dei gjerne ta kontakt med oss, seier politiførstebetjent Rune Fimreite ved Os lensmannskontor.

Stal klede på sportsbutikk

Om lag klokka 1545 fekk politiet melding om tjuveri frå MX Sport på Amfi Os.

– Der var det ein kar som stal nokre klede og sprang ut av butikken. Dei veit kven det var, så det vil bli anmeldt.

Fann narkotika

I 2030 tida torsdag kveld traff politiet på ein ungdom som dei mistenkte var rusa på GHB.

– Det gav oss grunnlag til å gjennomføra ei ransaking heime hos han. Der blei det funnen tablettar og det vi trur er GHB. Dette blir han meldt for, avsluttar Fimreite.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.