Tjuveri og urinering
Han gjorde seg heilt ferdig, mannen som blei tatt for urinering rett utanfor lensmannskontoret natt til søndag.
Natt til laurdag blei to bilistar tatt for promillekjøring, søndag kveld stoppa politiet ei rusa kvinne som hadde kjørt frå Bergen til Os.
Også laurdag og tidlegare på dagen søndag hadde politiet litt å henga fingrane i.
Tre hestar sprang laus på Lekven i 14.40-tida. Dei blei tatt hand om av eigar før dei skapte trafikale problem eller skadde seg sjølv eller andre.
Klokka 15.18 fekk kom melding frå Elkjøp på AMFI Os om tjuveri av fleire varer. Det er førebels uvisst kva varer som er sakna og om nokon er mistenkt.
Tissa ferdig
Klokka 01.25 natt til søndag blei ein mann i 30-åra tatt for urinering på offentleg stad. Vedkomande sto nesten uti vegen i Hamnevegen, rett nedanfor Os lensmannskontor.
– Han skal heller ikkje ha slutta då han merka at han var oppdaga, men la seg flat etterpå og erkjente forholdet, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.
Midtsiden håper han tok to steg til sida før han la seg flat ...
Promillekontroll og førehandsmelding om skyting
Fleire bilistar har i helga fått muntleg pålegg om utbetring av lys og lysbruk.
Søndag morgon i 10-tida hadde politiet promillekontroll i Heggladsdalsvegen. Av 25 kontrollerte blei det eitt gebyr, det gjekk til ein bilførar som ikkje hadde med seg førarkortet.
– Vi hadde også nokon som meldte frå om at dei skulle skyta med softgun, i tilfelle vi skulle få melding om skyting eller støy. Så lenge det er ordna forhold så er det lov å skyta med softgun, så vi er glade for at dei melder ifrå.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.