Politi | 29. juli 2021

Tjuveriforsøk og feststøy-gjengangar

Mann meldt for tjuveriforsøk på senteret, gut med høg festfrekvens kan venta seg oppfølging.

Tjuveriforsøk og feststøy-gjengangar
Politiet rykte til AMFI os på morgonen onsdag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. juli 2021 07:42

Onsdag morgon fekk politiet melding om tjuveriforsøk på AMFI Os.

– Så tidleg som klokka 08.04 hadde han blitt observert sovande på senteret, ei stund etterpå blei han observert då han prøvde å stela nokre varer frå ein butikk, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Mannen, som er i 30-åra, framsto som rusa. Han er meldt for forholdet.

På kvelden fekk politiet klage på støy frå fest i eit nabolag på Nore Neset.

– Vi har vore på same adresse fleire gongar den siste tida. Huseigar, ein mann på under 20 år, skal ikkje ha lytta til meldingar frå naboar om å dempa seg, og har ikkje alltid retta seg etter pålegg frå politiet heller.

Innringar fekk beskjed om å gi oss ein lyd igjen om det ikkje hadde roa seg til klokka 23.

– Det kom nye klager og vi rykte ut. Etter dette skal det ha roa seg, men vi vil følgja opp med ein samtale med huseigar på dagtid, så forholda betrar seg for naboane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.