Politi | 25. juli 2021

Festbråk og tjuveri i Hagavik

Ein påhengsmotor er stolen ved Kysthospitalet.

Festbråk og tjuveri i Hagavik
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. juli 2021 09:39

Laurdag i 16.30-tida blei politiet kontakta grunna tjuveri av ein påhengsmotor.

– Tjuveriet skjedde nær Kysthospitalet i Hagavik, og blir meldt, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

– Sto den på ein båt, og kva merke og storleik er det på motoren?

– Vi har foreløpig noko knapp info, det einaste som er notert foreløpig er at det er ein Mariner.

– Vi har ikkje fått inn andre meldingar om påhengstjuveri, men det er verdt å følgja med verdisakene sine, spesielt på seinsommaren.

Full kvinne køyrd heim

Laurdag klokka 22.16 fekk politiet melding om ei full kvinne som gjekk langs E39.

Patruljen møtte kvinna, og køyrde ho heim.

Laurdag kveld var det også nokre valdsepisodar i Os sentrum:

Les ògMann til angrep på kvinneleg tilsett

To meldingar om feststøy i Hagavik

I same område, på to ulike adresser, km det meldingar om feststøy i natt.

– Først fekk vi ei melding klokka 23.48. Då var det 10-20 personar på staden. Patruljen køyrde utom seinare på natta og ga pålegg om å dempa støynivået.

Klokka 00.49 kom det klage på ei anna adresse. Også der var patruljen ute og gav pålegg om å dempa musikk og anna støy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.