Kultur | 27. mars 2022

To år sidan sist: Varmar opp til NM

Har med seg to gjestar i Oseana tysdag.

To år sidan sist: Varmar opp til NM
Dirigent Magnus Brandseth med Os Musikkforening i Oseana sommaren 2020. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 27. mars 2022 11:40

Os Musikkforening, som fylte 120 år i fjor, vann NM og rykte opp til 1. divisjon i 2019.

Dei fekk grunna koronapandemien verken spela Før-NM-konserten sin i Oseana, eller delta i NM i 2020.

Det blei heller ikkje NM i fjor.

– Derfor er det ei ekstra glede for oss å, under leiing av Magnus Brandseth, endeleg å kunna invitera til Før-NM-konsert igjen, seier Paul J. Valle frå Os Musikkforening.

Sist vi høyrde Os Musikkforening, var i Os kyrkje før jul. Men dei spelte også utvalde plassar i Os på 17. mai 2021 og det første pandemiåret, 2020.

Sjå videoar i relaterte saker nedst på sida.

Som gjestar på konserten tysdag, har Os Musikkforening invitert gode korpsvener frå Bergen:

Lungegaardens Musikkorps med dirigent Eirik Gjerdevik og Sandvikens Ungdomskorps under leiing av Trond Madsen.

Korpsa vil framføra musikken som skal brukast i noregsmeisterskapen. Dermed blir denne konserten ein generalprøve før NM, som går av stabelen i Trondheim 1 og 2. april.

– Vi kan lova eit svært variert program, fortel Valle.

Sandviken Ungdomskorps vil framføra to verk: Festiva Jubiloso (Naoya Wada) og Symphonic Songs for Band (Robert Russell Bennet).

Lungegaardens Musikkorps skal spela: Between the Two Rivers: Variations on Ein’ Feste Burg (Philip Sparke).

Os Musikkforening framfører tre verk: Incantation and Dance (John Barnes Chance), Underlige Aftenlufte (Carl Nielsen) og Polovetsiske Danser (Alexander Borodin).

Konferansier for kvelden er Karl Ole Midtbø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.