To kulturbygg får til saman 680.000 kroner
Fylkeskommunen har delt ut tippemidlar.
Vestland fylkeskommune har i dag gått ut med fordelinga av spelemiddeloverskot frå Norsk Tipping for 2022.
I alt 9,5 millionar kroner blir delt ut til kulturbygg i Vestland, berre Oslo og Viken fekk meir til tilskot til kulturbygg i år.
– Dette er viktige bygg i lokalsamfunna våre. Dei genererer aktivitet og er viktige for frivilligheita og for dei lokale kulturtilboda, seier Stian Davies, som leia sitt siste møte i hovudutval for kultur, idrett og inkludering før han tek til i vervet som fylkesvaraordførar.
2 av dei 16 kulturbygga i Vestland som får midlar, er i Bjørnafjorden kommune.
- Fridtjof Sundts kjeglebane og musikkhall på Skorpo får 256.000 kroner.
- Eikelandsfjorden samfunnshus får 424.000 kroner.
– Vi treng gode kulturarenaer og samlingsplassar overalt, og dei må vera oppgraderte til dagens standard, seier Davies.
Det kom inn til saman 60 søknadar om tilskot til kulturbygg. Sju av søknadane stetta ikkje krava i utlysinga, og vart ikkje godkjende.
Dei 53 godkjende søknadane søkte om til saman 36,7 millionar kroner, fylkeskommunen hadde 9,5 millionar kroner til rådvelde.
– Vi har fått meir pengar i år enn tidlegare, men er framleis langt unna behovet for tilskot til kulturbygg. Det er eit stort etterslep, og eg er uroa over underfinansieringa.
– Regjeringa og Stortinget må halde fram og auke dette tilskotet i åra framover, slik at vi har pengar nok til å ta vare på og modernisere alle dei flotte og viktige kulturbygga. Eg er redd for lite pengar kan svekke både lokal frivilligheit og kulturlivet, seier Davies.
Desse får spelemidlar til kulturbygg (kommune i parentes)
- Alversund skule og Alverhallen (Alver): 750 000 kr
- Askvoll samfunnshus (Askvoll): 295 000 kr
- Follese kultursenter (Askøy): 600 000 kr
- Selbjørn skule og fleirbruksanlegg (Austevoll): 750 000 kr
- Fridtjof Sundts kjeglebane og musikkhall (Bjørnafjorden): 256 000 kr
- Eikelandsfjorden samfunnshus (Bjørnafjorden): 424 000 kr
- Dale ungdomsslag (Fjaler): 973 000 kr
- Høyanger samfunnshus (Høyanger): 750 000 kr
- Reksta ungdomslag (Kinn): 102 000
- Stavøy grendalag (Kinn): 400 000 kr
- Folkets hus (Kvam): 320 000 kr
- Gjesthalla ungdomshus (Sunnfjord): 327 000 kr
- Vårvon ungdomslag (Sunnfjord): 384 000 kr
- Sentralbadet litteraturhus (Ullensvang): 600 000 kr
- Grendahuset Ljosheim (Vaksdal): 570 000 kr
- Sentralbadet scenekunsthus (Bergen): 2 000 000 kr