Politi | 19. jan. 2024

Fekk 16.000 kroner i gebyr

Statens vegvesen hadde kontroll i samarbeid med politiet.

Fekk 16.000 kroner i gebyr
Kontroll i samarbeid med politi. (Foto: Knut Namtvedt Sylta)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesfredag 19. jan. 2024 10:24

Onsdag gjennomførte Statens vegvesen saman med politiet ein kontroll på plassen i Ulvenvegen ved E39 gjennom Svegatjørn.

Fokusområde var tunge køyretøy og vinterutrustning.

Totalt 130 køyretøy vart kontrollerte, det førte til fleire reaksjonar.

Éin sjåfør hadde ikkje gyldig autopassavtale for tungbil.

– Her har det same køyretøyet fått gebyr for same i løpet av dei to siste åra, difor vart gebyret dobbelt av normalt sats, fortel Knut Namtvedt Sylta frå vegvesenet.

Gebyr vart dermed sett til 16.000 kroner.

Resultatet etter kontrollen var 9 reaksjonar.

  • Fire køyretøy fekk bruksforbod
  • To køyretøy fekk skriftleg melding om manglar
  • To sjåførar hadde brot på køyre- og kviletid
  • Éin fekk gebyr

Tre av bruksforboda gjekk på mangelfull sikring av gods.

Eitt av bruksforboda handla om sikthindringar i frontruta i førar sitt synsfelt.

– Førarane måtte rydda frontruta før vidare køyring, fortel Sylta.

Det var sju førarar som vart kontrollert for køyre- og kviletid, der to fekk reaksjon.

Politiet var òg med på kontrollen.

Hovudfokuset her var promille og dokumentkontroll.

– Dei aller fleste førarane som var innom kontrollen vart testa for promile. Alle blåste heldigvis grønt, fortel politibetjent Karl Erik Drivenes Hevrøy.

Éin person fekk bot for ulovleg mobilbruk.

UP hadde òg ein kontroll klokka 10 i Osøyro. Der blei det skrive gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.