Samferdsle | 14. okt. 2021

To nye straumbrot nær Os sentrum

Tysdag var over 2.000 utan straum nokre timar, i dag kom to nye straumbrot.

To nye straumbrot nær Os sentrum
Først gjekk straumen hos minst 200 i Borgavegen (t.h.), no mista 75 abonnentar på Kuhnle straumen. (Kart: BKK Nett)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. okt. 2021 12:39

Tysdag gjekk straumen i blant anna Borgavegen og store delar av Søre Neset.

Ved minst eitt av tilfella var velta tre årsaka.

I dag gjekk straumen i Borgavegen igjen, og minst 200 abonnentar var utan straum.

– Det var eit velta tre som var årsaka i dag òg, og i same område som tysdag, fortel pressevakt Per Rune Henriksen.

– Det har ikkje vore kraftig vind i Os dei siste dagane, er det andre faktorar som speler inn?

– Det er noko skogrydding i området, men det er uvisst om dette har skjedd som følgje av trefelling.

Straumen kom raskt tilbake.

Mens vi snakka med Henriksen gjekk straumen på Kuhnle.

Her er 75 hus utan straum.

– Feilen ser ut til å vera i ein transformator. Då er det mogleg at vi berre treng å skifta ein sikring. I så fall blir ikkje straumen vekke lenge, for vi har allereie folk på staden.

Oppdatert: Årsaka på Kuhnle var ein brent kabel. Denne har samanheng med straumbrotet i Borgavegen. Det er rekna med at feilen skal vera retta til kl 18.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.