Samferdsle | 12. okt. 2021

Over 2000 utan straum

– Vi har operatørar ute.

Over 2000 utan straum
Dette velta treet var årsaka til straumbrotet langs Borgavegen.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. okt. 2021 08:15

I skrivande stund er 2.203 husstandar og bedrifter i Os utan straum.

– Det var ei stund oppe i over 2.700, seier Per Rune Henriksen frå BKK Nett.

Dei veit framleis ikkje årsaka til straumbrotet, men har operatørar ute i felten på undersøking.

2.002 på Søre Neset og 201 langs Borgavegen var ramma. (Kart: BKK Nett)
2.002 på Søre Neset og 201 langs Borgavegen var ramma. (Kart: BKK Nett)

Feilen oppsto klokka 09.29.

Berørte område er 2.002 abonnentar i Os sentrum og Søre Neset heilt til Halhjem og 202 i Borgavegen/Nordmarka.

OPPDATERT kl 10.19:

– Feilen som rammar Os sentrum og Søre Neset skal rettast ganske snart. Eg veit framleis ikkje kva som er årsaka, men ein av operatørane våre seier at dei snart får straumen tilbake, seier Henriksen.

– Når det gjeld dei drygt 200 i Borgavegen opp mot Hegglandsdalsvegen vil det gå noko lengre tid. Her ser det ut til å vera ein feil på linja, så det må rutast om og reparerast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.