Laurdag reiste Os til Ayia Napa på Kypros for å ta siste finpuss på formen før seriestart.
Måndag kveld spelte dei den einaste treningskampen dei har på leiren. Kampen gjekk mot FC Slavutych Cherkasy.
– Laget blei profesjonelt i 2011 og er største klubb i byen Cherkasy. Dei speler på tredje høgaste nivå i Ukraina, fortel Terje Kvittingen, del av trenar-/støtteapparatet i Os Turn.
Byen Cherkasy ligg sør for Kiev, ved Europas fjerde største elv, Dnepr, og har rundt 230.000 innbyggarar. Laget har vore på Kypros sidan 1. mars med ein tropp på 45 spelarar.
Os - FC Slavutych Cherkasy 1-4 (1-2)
Målskårar, Os: Christer Olsen
Os tok leiinga ved Christer Olsen, men hamna under til pause. Motstandarane skåra yttarlegare to i 2. omgang.
– Vi klarte oss godt
Hovudtrenar Jørn Vegard Berge er nøgd med eige lag.
– Vi møtte eit betre lag, men dei måtte slita for å slå oss. Gutane la ned eit godt stykke arbeid og alle som fekk spela viste seg fram på ein positiv måte.
– Mange viste også at dei har tatt store steg i rett retning i løpet av vinteren.
Os (4-3-3): Frode Moberg Øvredal - Torkel Hjertnes, Dani Bergstø (John Ole Johannessen), Emilis Zilinskas (Børge Borgen), Glenn Krossøy (Vegard Engelsen Moberg) - Mats Lepsøe (Håkon Kvittingen), Ørjan Glesnes (Kenneth Gjerde), Erik Kanestrøm (Anders Kinden) - Mats Cato Moldskred (Stian Lunde), Roar Vestbø (Adrian Valle) og Christer Olsen (Sander Kvittingen).
29 på tur
Os reiser med 23 spelarar og eit støtteapparat på 6, blant dei tidlegare Os-spelar, naprapat Aleksander Lindkvist.
– Stemningen er som alltid på topp! Vi bur fint og har flotte banar fem minutt med buss frå hotellet, fortel Kvittingen.
Laget kjem heim fredag, laurdag er det NM-kvalik mot Lysekloster på Kuventræ.