Tok 16 fartssyndarar på to timar
Éin av dei må ut med 12.100 kroner.
Tysdag formiddag gjennomførte utrykningspolitiet (UP) ein laserkontroll i 70-sona på Halhjemsvegen.
16 fartssyndare blei tatt og fekk forenkla forelegg.
– Høgast fart blei målt til 100 km/t, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Bilisten slapp unna med nest høgaste bøtesats, altså 12.100 kroner.
Hadde vedkommande køyrd 1 km/t høgare ville det kosta bilføraren 14.500 kroner.
Bilisten fekk også tre prikkar på førarkortet.
Seinare på dagen gjennomførte politiet ein stoppskiltkontroll i Lepsøykrysset.
– Ein bilførar fekk forenkla forelegg for brudd på stoppskilt og ein blei meldt til politiet, opplyser Lyssand.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.