Lokal | 02. jan. 2019

Tok 25 syndarar på Halhjemsvegen

– Overraskande høgt tal, seier politibetjent Torstein Tylden frå UP.

Tok 25 syndarar på Halhjemsvegen
UP hadde kontroll på Halhjemsvegen i dag. Det vart reagert på fart og mobilbruk. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 02. jan. 2019 14:48

Bildeserie:

– Overraskande mange vart vinka inn, fortel UP om kontrollen. (Foto: KOG)
– Overraskande mange vart vinka inn, fortel UP om kontrollen. (Foto: KOG)
Alltid tid til litt førebyggande arbeid. (Foto: KOG)
Alltid tid til litt førebyggande arbeid. (Foto: KOG)
1 av 2
– Overraskande mange vart vinka inn, fortel UP om kontrollen. (Foto: KOG)
Alltid tid til litt førebyggande arbeid. (Foto: KOG)

Utrykningspolitiet kontrollerte trafikken på E39 Halhjemsvegen onsdag.

– Vi kontrollerte trafikken i retning Halhjem, og stod på post frå klokka 11 til 15.

Høgaste fart vart målt til 95 km/t, noko som kvalifiserer til til 6.400 kroner i forenkla forelegg, og 3 prikkar på førarkortet.

Nytt i år er at også ulovleg bruk av mobiltelefon kvalifiserer til prikkbelasting.

– Det var fleire som i dag fekk 2 prikkar på førarkortet for dette, og er du fersk sjåfør og i prøvetid, vil dette kvalifisera til 4 prikkar.

Tylden fortel at E39 er ei prioritert strekning for UP, og dagens resultat tydeleg seier at her vil det verta fleire kontrollar.

– Det var mykje trafikk på vegen i dag, men at såpass mange køyrer slik inn i kontrollen vår, er overraskande. Frå ein kjem ut frå tunnelen på Moberg og til fotoboksen på Lekven, er det både påkøyringsrampe, busstopp og ikkje minst sjølve Lepsøykrysset å ta omsyn til, avsluttar Tylden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.