Sport | 15. sep. 2016

Tok 3. plass i NM og 5. plass i EM

William har berre køyrd 4 av 6 NM-rundar og 4 av 14 EM-rundar, men ligg likevel i dragrace-toppen.

Tok 3. plass i NM og 5. plass i EM
William, her saman med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen på Gardermoen, ser tilbake på ein god sesong nasjonalt og internasjonalt. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. sep. 2016 11:20

William Moberg Hetleflåt (13) har berre køyrd fire av seks NM-rundar i år. Alle rundane er teljande, likevel kvalifiserer dette til ein plass på pallen samanlagt.

– Han har hatt ei rå reaksjonstid denne sesongen og gjort det veldig bra i tre av dei fire løpa han har deltatt i, seier pappa Truls Hetleflåt frå Hetleflaat Motorsport.

Les òg: William og onkel Frank tok 1. og 2. plass

Fekk ein prat med Solvik-Olsen

William droppa NM-runden på Hitra/Frøya og i Fyresdal, men har køyrd to løp i Valle og to på Gardermoen.

I det eine løpet i Valle rauk han ut i første elimineringsrunde, det andre vann han.

På Gardermoen, som opna ny bane i sommar, hadde han flest poeng av dei norske (ein svenske låg framfor) då første løp blei avbrote grunna regn. I helga køyrde han siste NM-runde og landa på 4. plass.

Før første løp på Gardermoen, som i sommar har laga ny bane, var samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen, for å delta på opninga av banen.

William var heldig og fekk ein prat med statsråden (bildet).

Nummer fem i Europa

Fire av løpa William har køyrd, blant anna eitt i Sverige der han låg som nummer éin då løpet blei stoppa grunna regn, har vore EM-runde.

– I EM er det 14 rundar, William har køyrd fire av desse. Samanlagt har han likevel tatt nok poeng til at han landa på 5. plass samanlagt.

– Hadde han fått køyra ferdig dei to som blei avbrote grunna regn kunne han nok tatt endå fleire poeng og skåra betre på samanlagt, trur Truls.

No er sesongen nesten over.

– Det er eitt løp igjen, avslutting med westcoast-challange på Eikås i oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.