Politi | 09. mai 2021

Fekk 9.050 kroner i fartsbot ved Ulven leir

Hadde kontroll på Lyseklostervegen laurdag kveld.

Fekk 9.050 kroner i fartsbot ved Ulven leir
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. mai 2021 07:52

Laurdag hadde Bjørnafjorden lensmannskontor trafikkontroll på Lyseklostervegen ved Ulven leir.

På to timar, frå klokka 20.20 til 22.20, blei det stoppa åtte bilistar som køyrde for fort, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.

Høgaste målte fart i 50-sona var 71 km/t.

Om vedkomande hadde køyrd 1 km/t seinare så ville det blitt forelegg på 5.850 kroner, men i det du bryt fartsgrensa med 20 km/t eller meir blir det nesten dobbelt så dyrt.

Bilisten fekk eit forelegg på 9.050 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.