Sport | 03. apr. 2011

Tok ansvar - og gull

Med dei tre landslagsutøvarane vekke på samling var det opp til resten å forsvara æra til Os Karateklubb i vestlandsmeisterskapen.

Tok ansvar - og gull
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. apr. 2011 06:54

Henrik Reed Larsen og brørne Åsmund og Erlend Slettevoid har vore faste medaljesankarar i vestlandsmeisterskapen dei siste åra. Dei tre var sakna av klubbkameratane under vestlandsmeisterskapen, som gjekk av stabelen i Laksevåghallen laurdag, men det var ikkje verre enn at resten av deltakarane sto fram og tok tre gull, eitt sølv og tre bronsemedaljar.

Medan dei tre var på pålagt treningssamling med allstylelandslaget blei Vegard Gjøsund vestlandsmeister i kadettklassen (14-15 år), Mons Daniel Haugland, som nyleg tok sølv i junior-NM (+75 kg) blei også vestlandsmeister saman med klubbvenninne og nybakt noregsmeister (senior -50 kg) Tonje Skeie Hjelle.

- Vegard var suveren i kamp og vann 8-1 og 6-1 i dei to siste rundane. Mons Daniel gjekk ein jamn førsterunde, der det sto 9-9 ved full tid, men vann kampen og dei neste rundane med større margin, fortel Heine Øvredal frå Os Karateklubb i ei pressemelding.

Tonje blei vestlandsmeister i kamp og fekk ein fin sølvmedalje i kata.

Også Amanda Njøten deltok i kadettklassen med suksess, ho fekk bronse i både kamp og kata. I tillegg stilte veteran Trond Blomberg opp i seniorklassen i kamp og fekk bronse.

I klassen ungdom 12-13 år stilte Torlak Hansen Åserød. Han vann første kampen, men måtte gje seg midtvegs i andre.

Klubben hadde og fleire unge utøvarar under 12 år med:
Tiril Skønberg Haaland, Margaret Slettevold, Mattias Sørensen, Even Johan Borge, Kristian Blomberg og Martin Bergsvåg gjorde alle ein flott innsats og fekk deltakarpremiar også denne gongen.

- Tiril fekk og, som einaste utøvar på stemnet, spontan applaus frå tribunen etter den eine kampen sin, fortel Øvredal om det unge, store talentet på jentesida.

For Slettevold, Reed Larsen og SLettevold er det framleis meir igjen av sesongen, i midten av april skal dei delta i nordisk meisterskap i Finland.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.