Politi | 17. juli 2023

Tok beslag i elsparkesykkel

Politiet har også fått melding om sakna gut, søkkande snekke og støy frå fest.

Tok beslag i elsparkesykkel
Bjørnafjorden politistasjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 17. juli 2023 11:16

Politiet har i helga fått melding om trøbbel om bord på ein buss, kollisjon mellom mc og bil og hatt fleire promillekontrollar, dei fleste på Halhjem ferjekai.

Les meir om desse under relaterte saker under artikkelen.

Fredag klokka 12.25 stoppa dei ein mann i slutten av 20-åra på elsparkesykkel.

Årsaka var at tohjulingen såg ut til å gå fortare enn lovlege 25 km/t.

– Det er tatt beslag i elsparkesykkelen og oppretta sak, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Båt tar inn vatn

Fredag ettermiddag fekk politiet melding om båt som låg på Sandholmane og tok inn vatn.

– Politi og brannvesen samarbeidde om oppdraget. Båten, ei eldre snekke, tok inn vatn og var halvvegs nedsokken, men det var inga umiddelbar fare for forureining.

Det er ikkje første gong at ein eldre båt ligg ved Sandholmane og tar inn vatn.

Høg musikk og gut som gjekk seg vill

Natt til laurdag, i 00.45-tida, fekk politiet klage på støy frå ein bustad i Lysefjorden. Politiet rykte ut og gav huseigar pålegg om å ha musikken avskrudd resten av natta.

Søndag klokka 16.55 fekk politiet melding om ein 8 år gamal gut som hadde gått seg vill på Hegglandsfjellet.

– Etter ei kort stund kom det ny melding. Guten hadde funne rett sti og klarte seg sjølv, fortel Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.