Politi | 13. jan. 2022

Tok beslag i passasjeren sitt førarkort

Bilførar hadde ikkje førarkort, bileigar var passasjer.

Tok beslag i passasjeren sitt førarkort
Bilen kom ned frå brua og køyrde utfor svingen ned mot E39 retning Halhjem, kryssa Halhjemsvegen og stoppa i nokre buskar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. jan. 2022 07:11

Onsdag i 18-tida køyrde ein bil utfor i svingen frå brua frå Kiwi retning Halhjem, kryssa E39 utan å bli råka av andre bilar og stoppa i nokre buskar i grøfta.

Politi, brannvesen og ambulanse var raskt på staden, få meter frå blålysetatane sine stasjonar på Moberg. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Les òg– Flaks at han ikkje trefte kryssande trafikk

Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut nokre få meter frå stasjonen. Dei to personane i bilen framsto som uskadde, men blei tatt til legevakt for sjekk.

– Førar var ei kvinne i starten på 20-åra. Ho har ikkje førarkort. Bileigar, ein mann i slutten av 20-åra, var passasjer, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det blei tatt beslag i førarkortet til passasjeren, noko han ikkje samtykka i.

– Var dette øvelseskøyring?

– Det står ikkje notert i loggen, seier Lyssand.

Bilen suste over E39 utan å bli råka av kryssande trafikk, som stort sett held 70-80 km/t i dette området. (Foto: KVB)
Bilen suste over E39 utan å bli råka av kryssande trafikk, som stort sett held 70-80 km/t i dette området. (Foto: KVB)

I forkant av ulykka var det eit uhell på Vallaheiane og ein buss som sto fast i Lepsøykrysset.

Også tysdag var det fleire uhell, med frontkollisjon på Osveien og bil som hamna i Vallaelva.

Onsdag kveld hadde politiet trafikkontroll i Storestraumen/Hjellemarka. Dei fann ikkje noko å reagera på.

– Litt over midnatt fekk vi melding om støy frå bilar som sto parkert i eit nabolag. Dei skal både ha rusa motorane og spelt høg musikk. Då patruljen kom fram var dei vekke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.