Tok eitt poeng - klatra til topps på tabellen
Lysekloster spelte uavgjort i dag, Sotra tapte.
Lysekloster leia førre helg toppkampen heime mot Sotra, men «gav vekk» to mål og mista sjansen til å overta tabelltoppen.
I dag spelte Lysekloster borte mot Øystese, også i dag blei det poengdeling.
Even Vetås gav Lysekloster leiinga, men Øystese utlikna før pause. 1-1 sto seg kampen ut.
Men samtidig tapte serieleiar Sotra 1-2 heime for Brodd, som no ligg på 5. plass på tabellen.
Dermed står Lysekloster og Sotra likt i poeng, begge med 49 på 23 kampar, men Lysekloster med 3 mål betre målforskjell.
• Sjå tabell (fotball.no)
Midtsiden har ikkje lykkast i å få tak i Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik i kveld.
Dette er Lysekloster og Sotra sine tre siste motstandarar før sesongen er over:
Lysekloster: Fyllingsdalen (heime), Stord (borte) og Førde (heime).
Sotra: Tertnes (heime), Øystese (borte) og Fyllingsdalen (heime).
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.