Lokal | 01. sep. 2020

UP tok to fartssyndarar på skuleveg

Stilte seg opp i Giskavollen måndag morgon.

UP tok to fartssyndarar på skuleveg
Det blei skrive to forenkla forelegg i Giskavollen måndag morgon. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. sep. 2020 07:38

Måndag morgon hadde utrykningspolitiet fartskontroll i Giskavollen i Os sentrum.

Giskavollen, som går frå Landboden til Byvegen, skil sentrumskjerna og bussterminalen frå både Os barneskule og Os ungdomsskule.

– Det er ikkje ofte at UP gjennomfører fartskontroll på små sidevegar som denne, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Vegen er svingete og uoversikteleg, og blir kryssa av mange elevar, der fleire av dei går over kyrkjegarden og kjem ut frå mur og buskar direkte i køyrefeltet.

– Det blei tatt to som køyrde for fort, høgaste målte fart var 65 km/t i 50-sona.

Det resulterte i forelegg på 3.800 kroner og to prikkar på førarkortet.

– Kontrollen var rett nok klokka 09.49, ein god time etter at skulane starta, men dette er likevel høg fart på ein veg som denne, synest Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.