Sport | 03. juni 2010

Tok gull i Danmark

På to banar ho aldri før har spelt på klarte Mia Hjelle å halda handikapet sitt. Det heldt til siger i sjukehusturneringa.

Tok gull i Danmark
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. juni 2010 21:27

Nordiske Hospitals Leker gjekk i helga av stabelen i Købehavn. Mia Hjelle representerte Haukeland Universitetssjukehus i golf, og det gjorde ho med stil.

- Det var til saman over 1000 deltakarar innan ulike idrettar. Eg var einaste kvinne frå Haukeland som deltok i golf, og konkurrerte mot 26 jenter på to ulike banar, fortel Mia.

Flinke svenskar
Sjølv om ho tidlegare har vore klubbmeister i Bjørnefjorden Golfklubb og deltar i noregscup var konkurransen har då ho kjempa mot andre jenter frå heile Norden.

- Det var veldig variert nivå, men ein god del spelarar som er flinkare enn meg, fleire av dei frå Sverige, fortel ho.

På nye banar
Vanlegvis konkurrerer ho ikkje på banar som ho aldri har spelt på før, noko som gjer ho ekstra nøgd med gullet.

- Banane var par 77, og eg klarte med 85 og 87 slag å halda handikapet mitt. Det er eg nøgd med på banar som er heilt nye for meg.

Neste gong Mia skal i elden er i noregscup i Bergen 20. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.