Sport | 16. juni 2012

Tok poeng i Sandnes

Os leia 2-0 over Sandnes Ulf 2 i dagens toppkamp på bortebane, men så jamna kampen seg ut.

Tok poeng i Sandnes
Olsen utlikna i siste speleminutt mot Sandnes Ulf på bortebane i dag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. juni 2012 17:07

– Vi spelte ein veldig god kamp, spesielt førsteomgangen var bra, seier assistenttrenar for Os, Tore Nielsen.

– Os fekk skryt av trenarapparatet til Sandnes Ulf etter kampen. Dei sa vi var klart sterkaste motstandar dei hadde møtt i år.

Sandnes Ulf 2 - Os: 3-3 (1-2)
Mål, Os: Preben Borgen (4. frispark), Ramo Racic (11.) og Christer Olsen (90.).

Os starta kampen bra og gjekk tidleg opp i leiinga. Preben Borgen sette meisterleg inn eit frispark frå 20 meter i 4. minutt. Ramo Racic, som spelte ein svært god kamp i dag, auka til 2-0 i 11. minutt.

Men så kom tidlegare Stabæk-spelar Gilles Daniel M'Bang Ondo og reduserte før pause og i 2. omgang kom ungdomen Zymer Bytyqi (15), som nyleg debuterte i Tippeligaen, og sette inn to fine mål.

– Bytyqi lagde dei to måla åleine, han var heilt utruleg. Utan han som motstandar så hadde vi vunne i dag, meiner Nielsen.

Os kom tilbake og skapte nokre sjansar mot slutten. I siste speleminutt klarte Christer Olsen å utlikna til 3-3 og ferjeturen heim blei lettare for osingane.

Os: Anders Kloven - Torkel Hjertnes, Per Søgnen Merai, Stian Lunde, Erik Kanestrøm - Tore Valvik, Simen Lassen - Fredrik Heggland, Preben Borgen - Anders Kinden (Christer Olsen) - Ramo Racic.

Blant andre kampar i same avdeling er i skrivande stund berre Austevoll - Avaldsnes publisert. Den kampen enda 3-1.

SJÅ TABELL

Os speler neste kamp heime mot Tertnes laurdag om ei veke (kl 16).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.