Fotball | 12. juni 2022
Tok sin første siger i ny divisjon
Snudde kampen då knappe ti minutt sto igjen.
![Tok sin første siger i ny divisjon](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/95c7b548585e0b73ae6376473e6c81983e7da0cc-2400x1600.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
![Kjetil Vasby Bruarøy](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/d394ce3033ee74f1b7563efe62438c9efc71d8ce-1140x760.jpg?rect=490%2C160%2C564%2C387&q=75&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
Kjetil Vasby Bruarøysundag 12. juni 2022 12:17
Laurdag tok Os sitt damelag sine første poeng i 2.divisjon. Os låg under 1-0 borte for Stord då det sto under ti minutt igjen.
Så dribla Vy Nguyen seg gjennom heile forsvaret, forbi keeper, og utlikna i 81. minutt.
Malin Solstrand Ludvigsen sikra siger med eit skot i 85. minutt.
– Jentene spelte bra, men hadde vanskar med å få ballen i mål. Heldigvis lausna det, dei skapte også fleire sjansar etter 1-2-skåringa, seier trenar Ørjan Sandal.
Stord - Os 1-2 (1-0)
Sjå tropp og kampfakta på fotball.no
Med sigeren klatra Os frå 12. til 11. plass på tabellen.
Neste kamp går heime førstkomande laurdag mot Staal Jørpeland på 10. plass.