Lokal | 21. juli 2018

Tok skilta til gjengangar

Politiet klipte skilta på ein bil i Hegglandsdalen laurdag då føraren fleire ganger hadde køyrd utan lov.

Tok skilta til gjengangar
Politiet tok skilta på bilen for å stoppe den ulovlege bilkøyringa (ill.foto: AH)
Andris Hamrelørdag 21. juli 2018 15:40

Klokka 16 laurdag ettermiddag stoppa politiet ein bil i Hegglandsdalen på Os.

– Bilen blei stoppa etter mistanke om at føraren køyrde i påverka tilstand, melder operasjonsleiar i Vest Politidistrikt på Twitter.

Føraren har ikkje førarkort og blir meldt for dette. I tillegg blir det tatt blodprøve av vedkomande.

– Skilta på bilen vert beslaglagt då mistenkte fleire gongar tidlegare har køyrd utan førarkort, fortel politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.