Sport | 31. jan. 2015

Tok VC-bronse i Vikingskipet!

Sølvet glapp, men Sverre Lunde Pedersen missa ikkje på pallen på dagens 5000 meter på heimebane.

Tok VC-bronse i Vikingskipet!
Sverre Lunde Pedersen på pallen saman med nederlendarane Jorrit Bergsma og Douwe de Vries. (Foto: Sander Hvammen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 31. jan. 2015 16:55

Sverre var suveren i 7. par mot Bart Swings i dag, og låg lenge an til å slå de Vries, som i paret før glei inn til førebels 2. plass.

Men Lunde Pedersen kom i mål 17 hundredelar bak nederlendaren.

Tida var likevel god nok til 3. plass og nok ein verdscupmedalje.

- Det kom ikkje veldig lett, eg kjenner at eg ikkje har gjort ein sånn kraftanstrengelse sidan EM, seier osingen til BT.no.

Jorrit Bergsma, som gjekk mot landsmannen Douwe de Vries i 6. par, vann 5000-meteren.

Sverre sin parkamerat, Bart Swings frå Belgia, kom på 8. plass. Håvard Bøkko, som gjekk i første par, hamna på 10. plass.

1. Jorrit Bergsma 6:17.89
2. Douwe de Vries 6:23.04
3. Sverre Lunde Pedersen 6:23.21
4. Patrick Beckert 6:23.99
10. Håvard Bøkko 6:31.04

Sverre ligg no på 2. plass samanlagt på 5000 meter.

I morgon frå klokka 14.15 går 1500-meteren (NRK 1), der Sverre ligg på 3. plass samanlagt før start.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.