Næringsliv | 30. des. 2018

Tomt til 50 mill tatt av marknaden

– Interessa har vore der, men vi må nok endra nokre vilkår før vi legg den ut igjen.

Tomt til 50 mill tatt av marknaden
Den 21 mål store tomta ligg nær både sentrum og sjø, og fleire har vist interesse. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. des. 2018 09:08

I oktober blei ei 21,4 mål stor tomt i Greidalen lagt ut for sal.

Os kommune vil ha 50 millionar kroner for tomta, som både er sentrumsnær og ligg ved sjøen, frå Kuhnle og ned mot Tellevika. Kommunestyret har frå før vedtatt å selja tomta på den opne marknaden.

– Os kommune har bestemt å ikkje regulera denne sjølv, at kjøpar like godt kan ta dette arbeidet. Dermed er prosessen frå kjøp til realisering noko meir tid- og kapitalkrevjande, noko som igjen vil gjera at det er litt færre aktuelle kjøparar, seier advokat Åshild Fløisand hos SANDS.

Kommuneadvokaten, Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA (SANDS), har oppdraget med å selja tomta.

– Samtidig er lista ganske lang over utbyggarar som er store nok til å handtera dette, og eg vil tru at eit så sentrumsnært utbyggingsområde heilt i fjøresteinane vil bli sett på som attraktivt, sa ho i oktober.

Fleire interessentar gav tilbakemelding

Eigedomen låg med tilbodsfrist 14. desember, og med visse krav til kjøpar.

Om lista er lang over store nok aktørar, har ikkje dei store vore villige til å låsa så mykje kapital. Til no.

– Fleire aktørar har meldt si interesse før fristen gjekk ut, men vi har fått tilbakemelding frå fleire av dei at terskelen er for høg.

– Det forstår vi. Utfordringa ligg i at tomta ikkje er regulert, og samtidig er i så høg prisklasse.

Vil endra vilkåra

Å betala 50 millionar for tomta for så å gå inn i ein periode med reguleringsarbeid, eit arbeid du verken veit resultatet av eller tida det vil ta, blir opplevd som for krevjande for interessentane.

– Vi har tatt tomta av marknaden for å sjå på vilkåra på nytt, seier Fløisand.

Det er verken snakk om at kommunen skal laga reguleringsplan eller at prisen skal endrast.

– Det er likevel endringar vi kan gjera som fører til at fleire har sjanse å konkurrera om å få kjøpa og utvikla tomta. Vi reknar med å legga tomta ut igjen for sal tidleg på nyåret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.