Tønnefabrikk i tusen knas

Han selte strandlinje og investerte i sild, tønner og salteri, Hans H. Særvollsvik. No har barnebarnet organisert riving av det nesten 100 år gamle bøkkeriet.

Kent Ivar Mjølkeråen plukkar det gamle bøkkeriet ned med maskin. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. feb. 2015 10:17

Bildeserie:

Nabo Kjell Bjørn Særvoll er fascinert over livet ved sjøen for 100 år sidan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bøkkeriet blei bygd rundt 1920. (Privat bilde, foto: Kjell Bjørn Særvoll)
Ei roten ramme gjer at det no må rivast. (Privat bilde, foto: Kjell Bjørn Særvoll)
Rivearbeidet er godt i gang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kent Ivar Mjøkeråen har kort veg til jobb for tida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nabo Kjell Bjørn Særvoll er fascinert over livet ved sjøen for 100 år sidan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bøkkeriet blei bygd rundt 1920. (Privat bilde, foto: Kjell Bjørn Særvoll)
1 av 5
Bøkkeriet blei bygd rundt 1920. (Privat bilde, foto: Kjell Bjørn Særvoll)
Ei roten ramme gjer at det no må rivast. (Privat bilde, foto: Kjell Bjørn Særvoll)
Rivearbeidet er godt i gang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kent Ivar Mjøkeråen har kort veg til jobb for tida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nabo Kjell Bjørn Særvoll er fascinert over livet ved sjøen for 100 år sidan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Han er fascinert av forteljingar om livet på Sørvoll og i Særvollsvika før i tida, Kjell Bjørn Særvoll (70), ein av dei få igjen som skriv etternamnet Særvoll med to l-ar.

– Dette var landingsplass for øyafolket når dei skulle til Os. Her sto ei staseleg hestekjerre og oppdraget med å få folk frå Øyane inn til kyrkja gjekk på omgang.

– Det var også ein landhandel her i Særvollsvika, og ei turnusordning på å laga middag til øyafolket før dei rodde heim, fortel han.

Dette var rundt 100 år sidan, altså før Kjell Bjørn si tid, men enkelte minne frå tidleg 1900-talet står igjen. Hestekjerra blei nyleg bossa, men det gamle bøkkeriet (tønnefabrikken) har stått heilt til no.

– Far min fortalte at det, på det meste, var 15 mann i arbeid på bøkkeriet. Du kan sjå at fabrikken er bygd robust, med finaste treverk. Eg har aldri sett maling på det naustet, men store delar av bygningen er tørr og fin.

Selte til russarane

Naustet skal ha vore bygd rundt 1920 av bøkkar Hans Hansson Særvollsvik (f. 1879).

– Garden på Særvoll var på heile 1550 mål. Bestefar selte mykje tomter til nyrike reiarfamiliar frå Bergen under og etter første verdskrig, på ei tid der strandlinje ikkje blei sett på som like verdifull av oss osingar som i dag, fortel barnebarnet, Hans Terje Særvold.

Hans H. brukte pengane til å investera i bøkkeriet på Særvoll og lagde seinare eit salteri på Brimsholmen i Øyane.

– Eg trur han ville ha kontroll på mest mogleg av verdiskapinga. Han kjøpte sild, salta og bygde tønner. Silda selte han til russarar, men endringane i Russland etter revolusjonen gjorde at heile marknaden hans brått kollapsa.

Familien til Hans Terje selte unna på tomter også etter 1920, særleg i dei vanskelege 1930-åra. Å fø opp 11 ungar i nedgangstider var ikkje lett. I 1961 hadde 1550 mål blitt til 80 mål.

Driv båthamn

Hans Terje bur no i Bergen, men eig naustet som no er under riving, og driv ei større båthamn i Særvollsvika.

– Båthamna er lun og trygg, men naustet, som har ramme som står rett på kaien, har dessverre byrja å rotna.

– Eg kunne tenkt meg å restaurert det, men eg har hatt fagfolk som har sett på naustet og det kunne blitt eit veldig kostbart prosjekt. Hadde ikkje prosessen med å få bygga større enn 40 kvadratmeter i strandsona vore så omfattande, så hadde eg bygd ein ny kopi av denne fabrikken, men førebels har eg ikkje plan om noko nybygg.

Særvold er nøgd med å ha fått nabo Kent Ivar Mjølkeråen frå Særvoll til å ta jobben med rivinga.

– Han er stødig på labben og styrer maskina si som om det var handa han plukka ned materialar med. Eg er heilt imponert, dette er ikkje ein enkel jobb, seier Hans Terje Særvold.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.