Næringsliv | 07. jan. 2026

Topp 20-liste: Desse bilmerkene selte best i rekordåret 2025

Tesla tronar suverent på topp.

Topp 20-liste: Desse bilmerkene selte best i rekordåret 2025
Det blei selt 27.600 Tesla Model Y (bildet) i 2025. På andreplass ligg VW id4 med 8.800. Foto: Thea Forstrønen Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. jan. 2026 11:05

2025 blei eit historisk rekordår for bilsalet, aldri før har det blitt registrert så mange nye personbilar i Norge, viser tal frå Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV).

Totalt blei det registrert 179.549 nye personbilar i 2025, og dermed blei den tidlegare årsrekorden frå 2021 slått.

– Sluttspurten mot årsskiftet har vore historisk sterk, og det er ingen tvil om at momsendringa frå 1. januar 2026 har bidrege til at svært mange valde å sikra seg ny elbil før året var omme, seier Geir Inge Stokke, direktør i Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV).

2025 blei også året då talet på elbilar passerte talet på dieselbilar og blei den største drivlinja i den samla personbilbestanden, samtidig som elbilandelen i nybilsalet enda på 95,9 prosent for 2025 totalt.

Dermed er målet politikarane sett for ti år sidan nådd: Nybilsalet i Norge er no utsleppsfritt.

Det har nok òg vore medverkande at 27 bilmerke (tal for 2024) utelukkande sel bilar med elektrisk framdrift.

Dei resterande 4,1 prosentane av nybilsalet i 2025 bestod av bensin-, diesel- og hybridbilar.

Reine dieselbilar utgjorde 1 prosent, medan bensinbilar stod for 0,3 prosent av nybilsalet.

Tesla dominerer – ny historisk merkerekord

Tesla styrkte i 2025 sin posisjon som Norges klart største bilmerke og sette fleire historiske rekordar i den norske bilmarknaden.

Allereie i slutten av november passerte Tesla den tidlegare årsrekorden for eitt bilmerke i Norge.

I 2025 blei det totalt registrert rekordhøge 34.285 nye personbilar av merket, tilsvarande ein marknadsdel på 19,1 prosent.

Det betyr at nesten éin av fem nye bilar i Norge i 2025 var ein Tesla.

Bildeserie:

Topp 20 bilmerke i 2025. Graf: OFV/SSB
Topp 20 bilmerke i 2025. Graf: OFV/SSB
Topp 20 bilmodellar i 2025. Graf: OFV/SSB
Topp 20 bilmodellar i 2025. Graf: OFV/SSB
1 av 2

– Å ta nesten 20 prosent marknadsdel i eit år med rekordhøgt nybilsal er i seg sjølv oppsiktsvekkjande.

– Når eit merke i tillegg oppnår slike volum med så få modellar, seier det mykje om både etterspurnaden og Teslas gjennomslagskraft i den norske marknaden, seier Stokke.

Kinesiske merke har fått fotfeste

2025 stadfesta at konkurransen i nybilmarknaden er breiare enn før, og at kinesiske bilprodusentar har fått eit tydeleg fotfeste i den norske nybilmarknaden.

Totalt blei det registrert 24.524 nye personbilar med kinesisk opphav i løpet av året, tilsvarande 13,7 prosentdel av nybilsalet, opp frå 10,4 prosent i fjor.

BYD var det største kinesiske bilmerket i 2025, og enda på 10.plass på den samla merkelista, sterkt drive av BYD Sealion 7.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.