Fotball | 03. sep. 2023

Toppkamp mellom Søfteland og Os 3 snudde to gongar

Det einaste som kanskje slår opplevinga er heimelaget sitt referat frå kampen.

Toppkamp mellom Søfteland og Os 3 snudde to gongar
Frå serieopninga mot Bjarg 3 i vår. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. sep. 2023 08:51

Søfteland gjer det skarpt tilbake med seniorlag i 7. divisjon, men det gjer òg naboane på Os 3.

Dei to laga ligg på dei øvste plassane på tabellen.

På Kuventræ i vår tok Søfteland leiinga før Os 3 drog ifrå, blei innhenta, men stakk av med sigeren etter skåring få minutt før slutt.

Tett med duellar og frispark i dagens lokaloppgjer i 7. divisjon. (Foto: Nicholas Forstrønen Bruarøy)
Les ògTøft lokaloppgjer mellom Os 3 og Søfteland

Laurdag var det nytt derby. Tidlegare lagkameratar mot kvarandre - og brør mot kvarandre.

I går var det òg bortelaget, altså Os 3, som skåra først, så tok heimelaget leiinga.

Men denne gong skåra bortelaget dei siste måla, og Os 3 tok ein knipen siger.

Søfteland - Os 3 2-3 (1-1)

Målskårarar: 0-1 Mathias Brustad Ørbeck, 1-1 og 2-1 Tommy Wold Gjelsvik, 2-2 og 2-3 Knut Magnus Viking Hauge Sund.

Midtsiden gjekk dessverre glipp av lokaloppgjeret i går, men det blei likevel grundig dekka.

Tommy Sælen fotograferte, og over 40 av dei er publisert på Søfteland TIL si Facebookside.

Der er òg eit aldri så lite eventyr av eit referat, forfatta av Jan Ove Skorpen.

Her er to utdrag:

Siden vi lovet å også skrive om Tommy Wold Gjelsvik tar vi med at han klinket ned brutteren Henning, som fikk en hardt møte med granulatet etter først å ha svevd i Bokløv stil til karakter 10 blank. Tommy takker for det klareste gule kortet på denne siden av ettermiddagen. Det hører med til historien at pappa Roar Wold var dommerveileder under kampen. Så kampen nomineres herved til kandidat til (den tenkte reality serien) “Hvor liten kan verden egentlig bli”. Team Ingebrigtsen gå og vogg. Dere har ikke en gang dommeren med på laget.

(...)

Fredrik Sælen rykker ut mens hele forsvaret hans med ute-stemme ber ham om å stå. I motsetning til langfingrene hadde ørene blitt igjen i garderoben. Det blir traktor mot sportsbil der forsikringsselskapet peker på traktoren og Fredrik tar med seg et gult kort inn på strek. Henning er litt omtåket etter å ha hilst på John Deere og må si alfabetet og svare riktig på hovedstaden i Mongolia før dommeren lar ham fortsette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.