Toppskårar klar for toppkamp i «rar» sesong
Årets sesong blir avslutta 9. april, men allereie laurdag speler Os sin siste heimekamp. – Vi er innstilte på å ta vår femte siger på rad, seier Elise Hjelle.
Laurdag 18. februar speler Os sin siste heimekamp for sesongen.
Alle dei neste fem (Fana 2, Åsane, Runar, Fram og Stryn) går på bortebane.
– Eg har vore med på mange rare terminlister, folk i fotballen ristar jo på hovudet når dei høyrer om kampoppsettet vårt, seier Elise Hjelle.
– Ekstra synd er det at siste runde går på ein søndag. Eg forstår jo at alle skal spela siste runde same dag, men for oss som er på tur til Stryn hadde det jo vore kjekt å spela denne ein laurdag, så vi kunne tatt oss ei lita avslutting saman når vi først er på tur.
Toppoppgjer i siste heimekamp
Kampen laurdag er eit toppoppgjer mot serieleiar Førde, som berre har tapt éin kamp til no. På bortebane tapte Os heile 29-17.
– Vi klarte oss bra i første omgang, o andre omgang blei vi kontra i seink. Hadde ikkje Vibeke (Ingebrigtsen) stått så bra i mål så ville det sett endå verre ut, seier Elise.
Ho skryter av løpsstyrken og avsluttingseigenskapane til serieleiaren, men trur ikkje dei er umoglege å slå.
Os, som ligg på 3. plass på tabellen, var nyleg suverene mot Stord på 2. plass og har vunne dei fire siste kampane.
– Om vi slurvar offensivt blir vi straffa hardt, det gjeld å halda konsentrasjonen oppe og å avslutta skikkeleg, så unngår vi dei verste kontringane.
– I tillegg har vi fordel av å vera på heimebane. Oshallen, mange faste publikummarar og dei yngre Os-spelarane som stiller opp som supportarar og maskotar betyr veldig mykje for oss. Laurdag skal dei nok få mykje god underhaldning.
– Fleire tar ansvar i Madde sitt fråvær
Elise var sjuk i førre kamp, men var toppskårar i tre av dei fire kampane før.
Ho er ikkje den einaste som tar ansvar mens playmaker og storskårar Madeleine «Madde» Hjertnes er vekke (grunna svangerskap).
– Madde er veldig viktig både for laget og gruppa. Vi saknar ho veldig, men det har gått overraskande bra etter at ho måtte ta pause.
– Fleire av dei erfarne har tatt endå meir ansvar, som Line Berentsen og Hilde Kristine Røttingen, men ikkje minst kan vi takka dei talentfulle ungdomane våre for at Madde sitt fråvær har blitt demma opp.
Pia gjer comeback
Før kampen laurdag har stallen dessutan blitt styrka.
Pia Kjelsrud Johansen frå Gjøvik, som var innom Os for å styrka stallen i haust, gjer no comeback.
– Det blir godt å få inn ein ekstra back med stort repertoar, seier Elise.
• Midtsiden samleside: Os handball, dame
• Tabell og terminliste: 2. divisjon avdeling 2