Sport | 15. juli 2011

Touren til Os

Klokka 12 fredag går startsskotet for årets utgåve av Tour of Norway for Kids på Os.

Touren til Os
Andris Hamrefredag 15. juli 2011 01:57

Medan Thor Hushovd og Edvald Boasson Hagen tråkker seg opp bratte bakkar og lange slettar i Tour de France er det eit heilt anna sykkelsirkus som turnerar landevegen i Noreg.

Fredag er turen igjen komen til Os og Tour of Norway for Kids. Startskotet går kl 12.00 på Osøyro.

Om du ikkje har meldt deg på enno kan du gjere det før start, men vær tidleg ute.

Ein suksess

Med mellomanna TV2 på laget har barnetouren blitt ein nesten like stor suksess som Tour de France. Sidan TV2 følger arrangementet kan det bli sjansar til å sjå dei lokale deltakerane som innslag i sendinga frå Frankrike.

Eit, to eller tre hjul speler ingen rolle

Løypa går i sentrumsområdet og er tilpassa dei fleste.

Klassane du kan delta i er:

Under 5 (støttehjul/trehjulssykkel klasse)
5-6 år
7-8 år
9-10 år
11-12 år
13-14 år

Det startast normalt med fellesstart i kvar av klassane, men med lita eller veldig stor deltaking kan klassar bli slått saman eller delte.

Arrangørane lover flotte premier til alle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.