Lokal | 25. juli 2011

Traff tre, tente på bil

Lynnedslag i tre skapte bilbrann i Lysefjorden.

Traff tre, tente på bil
Andris Hamremandag 25. juli 2011 08:44

Sundag ettermiddag slo lynet ned fleire plassar i Os. Blant anna blei ein einebustad i Dahlsvegen i Hagavik råka.

- Det har òg vore ein bilbrann ved Nesjaryggen omlag klokka 1720, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.

Politiet rykka ikkje ut på hendinga då bilførar slukka brannen sjølv.

- Det kan sjå ut som om lynet har forårsaka brannen.

- Lynet skal ha slått ned i eit tre ved siden av vegen, slått hol i frontruta og gjort at bilen byrja brenne, forklarar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.