Lokal | 06. juni 2019

Trafikkuhell og klage på helikopter

– Fauk svært lågt over Hjelle og Lyssand.

Trafikkuhell og klage på helikopter
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. juni 2019 09:55

Tysdag ettermiddag, litt før klokka 17, fekk politiet klage på helikoptertrafikk.

– Eit helikopter skal ha flydd svært lågt, 5-10 meter over hustak, på Hjelle og Lyssand før det returnerte til Flesland, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

– Det skal verken ha vore redningshelikopter, luftambulanse eller Forsvaret. Det står foreløpig ikkje notert operative tiltak i samband med saka.

Kollisjon ved Gymnasvegen

Tysdag klokka 21.23 fekk politiet melding om kollisjon mellom to bilar.

– Uhellet skal ha skjedd i eller nær Gymnasvegen. Det var ingen personskade og partane ordna opp seg imellom.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.