To trafikkuhell på glatten i natt
Ein bil køyrde utfor påFanafjellet, to andre kolliderte på Hegglandsdalsvegen.


Då regn blei til sludd natt til laurdag, var det enkelte som fekk problem i trafikken.
Klokka 02.19 fortalte politiet om kollisjon på Vallabrua på Hegglandsdalsvegen.
– To bilar er involvert. Det er til saman tre personar i bilane, to av dei fortel om smerte i bryst og nakke, opplyser politiet via Twitter.
Begge bilane er skadd i front. Politi, ambulanse og legevakt var på staden.
I grøfta på Fanafjellsvegen
To timar tidlegare var det eit uhell på Fanafjellet.
– Bil har køyrd utfor. Nødetatane er på veg til staden, opplyste politiet rundt midnatt.
Meldinga blei oppdatert med at det var ingen skadde.
Ifølgje Facebook-sida «Trafikkmeldinger Fanafjell» skal ulykka ha skjedd nesten heilt nede på Fana-sida av fjellet.