Politi | 24. des. 2025
Trafikkuhell på Halhjem ferjekai
Uhellet skjedde i køen av bilar som nett hadde køyrd i land.


Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. des. 2025 09:10
Klokka 16.52 vesle julaftan, ein dato som blir kalla «den store bulkedagen», fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Halhjem ferjekai.
– Ulykka skjedde då bilane frå ei ferje frå Sandvikvåg køyrde i land på Halhjem, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Ein kassabil med hengar skal ha bråbremsa, bilen bak klarte ikkje å stoppa like raskt.
– Alle involverte personar framsto som uskadde, men bakerste bilen måtte hentast av bilbergar.
Det er ikkje mistanke om rus. Politiet fann heller ikkje grunnlagfor førarkortbeslag eller andre reaksjonar.
– Partane ordna opp seg i mellom.





