Politi | 01. feb. 2022

Front mot front på Skeie

Dirigering av trafikk etter uhell på Skeisflaten.

Front mot front på Skeie
Den eine involverte bilen er ein liten lastebil. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. feb. 2022 08:09

Klokka 09 melder Vegtrafikksentralen om fare for kø ved skulane på Nore Neset etter trafikkuhell.

– To bilar og to personar er involvert. Begge er vakne og bevisst, og det er ikkje meldt om personskade, opplyser Vest politidistrikt.

Det er store, materielle skadar på bilane.

– Det var ingen passasjerar i bilane. Bilførarane er frakta til legevakt for sjekk, men det er ikkje mistanke om alvorleg personskade, opplyser politiet på staden.

Oppdatert:

Les ògMista lappen grunna uforsvarleg køyring

Ulykka skjedde ved Svartabrotet, mellom skulane og Skorvane.

Det er dirigering på Skeisflaten, og trafikken er i 09.40-tida ikkje så stor.

Det har kome mykje snø i Os natt til tysdag, og det er krevjande køyreforhold fleire stadar i bergensområdet.

Tysdag morgon var det også ein frontkollisjon på Nore Neset, i Råsasvingen på Strønevegen, nær Dahlsvegen.

Det er i 09.40-tida dirigering på staden. (Foto: Ørjan Håland)
Det er i 09.40-tida dirigering på staden. (Foto: Ørjan Håland)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.