Lokal | 30. aug. 2017

Tre av fire gjer det betre enn venta

Ny undersøking • 74,2% av næringslivet i Os gjer det betre enn venta. – Det er ein formidabel positivitet, seier Fredrik Schmidt Fotland i næringsrådet.

Tre av fire gjer det betre enn venta
Fredrik Schmidt Fotland i Os Næringsråd og Daniel Skotheim næringssjef i Os kommune ser ein tydeleg positivitet blant næringslivet i Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 30. aug. 2017 09:28

I ei undersøking som Næringsalliansen, ei samanslutning av næringsråda i Hordaland, har gjort no i august kjem det fram at det er stor optimisme blant dei næringsdrivande i Os.

– På spørsmål om status versus kva dei hadde venta for eit år sidan seier eit stort fleirtal på heile 74,2% at det har gått som venta eller betre enn venta.

– Heile 77% seier at den økonomiske utviklinga ser ut til å bli like sterk eller sterkare enn 2016, oppsummerer næringssjef Daniel Skotheim då han saman med Fotland presenterer undersøkinga for pressen onsdag morgon.

Undersøkinga er gjort blant medlemmane i dei ulike næringsråda. Vel 850 bedrifter har svart, omlag 40 av dei frå Os.

– Det er nesten halvparten av medlemmane våre. Det gir oss ein god og tydeleg indikator og temperaturmålar på ståa i næringslivet, supplerer Fotland.

Trur på framtida

Undersøkinga tek for seg både notid og framtid.

– Når det gjeld aktivitetsnivået for 2018, så trur 63% at det vil auka, 28,6% at det vil bli som no og berre 8,6% at det vil gå ned. På dette området utmerkar Os seg i høve dei andre næringsråda og ligg 5 prosent høgre enn snittet i framtidstru.

– Det viser at det er ein formidable positivitet blant næringslivet. Når dei blir beden om å skildra den økonomiske situasjonen så seier fleirtalet at dei er over den verste kneika. Heile 40% seier faktisk at dei ikkje har opplevd noko "krise" som følgje av nedgangen i oljemarknaden og 31 prosent forventar å tilsetta fleire medarbeidarar i 2018. 65% reknar med å halde på den arbeidsstokken dei har i dag, fortel dei to.

Forutsigbarheit og nettverk

Dei største utfordringane bedriftseigarane ser for seg er manglande oppdrag og å halde på konkurransekraften, speisielt når ny E39 og ein auka kokurranse kan koma.

– Dei viktigste behova dei melder er forutsigbare rammevilkår, tettare nettverkssamarbeid mellom verksemdene og tilgang på kompetent arbeidskraft.

– Dette med nettverk er noko som utmerker seg for Os og nettopp der Os næringsråd og gründerparken er eit viktig virkemiddel, kommenterar Skotheim.

– Det er sukessfaktor nummer 1. Ta berre eit døme frå næringslivsfrukosten i går. Der om ein kar med ein forretningsidé når vi drøste rundt kaffikoppen etter møtet. Eg hekta på Daniel og berre timar etter hadde vi eit møte her oppe i gründerparken. Det at kommunen har tilsett ein næringssjef og turt satsa er med på å tydeleggjera ting og rive ned barrierar. Næringssjefen skaper ein tryggleik for dei som driv næring. Det er alfa og omega at vi har Daniel i ei dedikert stilling på dette, seier Fotland når han oppsummerar dei positive trendane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.