Lokal | 18. aug. 2014

Tre personar utsett for vald

Tre skadde og to i arresten: Brødre i slåstkamp natt til søndag og to som fekk bank av éin søndag morgon.

Tre personar utsett for vald
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 18. aug. 2014 09:29

Søndag morgon fortalte politiet kort at det hadde vore to valdsepisodar i Os natt til søndag.

– Det første tilfellet var slåsting mellom to brødre i 30-åra, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Meldinga kom klokka 01.22. Det var roleg på staden då politiet kom fram.

– Den eine hadde ein del skadar, blant anna knekt nase. Den andre blei tatt med til overnatting i arresten.

Mann og kvinne fekk bank

Søndag morgon klokka 06.54 rykte politiet ut på ei ny valdssak.

– Det var tre involverte, to menn og ei kvinne, der den eine mannen gjekk laus på dei to andre.

– Mannen og kvinna blei lettare skadd, mistenkte, ein mann i midten av 20-åra, blei kjørt i arresten.

Vill kjøring med vannjet

Laurdag i 10-tida fekk politiet melding om ulovleg kjøring med vannjet.

– Nokon kjørte i høg fart nær land i Strøno, fortel Hadler-Olsen.

Om du kjører vannjet skal du vera 400 meter frå land før du gir gass.

Les òg: – Ikkje øydelegg for dykk sjølv

– Har du inntrykk av at folk har låg terskel for å irritera seg over vannjet-kjøring, og melder ifrå sjølv om kjøringa er fin?

– I dette tilfellet skal det ha vore snakk om villmannskjøring. Å kjøra i 50-60 knop nær land kan vera farleg både for den som kjører og for andre båtar og kajakkar.

Politiet i Os varsla politibåten Kjølen. Kjølen var i Os på kvelden laurdag og hadde nokre kontrollar rundt midnatt utan å finna noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.