Lokal | 23. mars 2017
Tre stoppa på Halhjem
Vegvesenet med storkontroll på Halhjem. Tre tyngre køyretøy måtte bli ståande.
Andris Hamretorsdag 23. mars 2017 07:59
Onsdag kveld mellom klokka 17 og 23 gjennomførte fem mann frå Statens vegvesen kontroll med tungtransporten og køyre-/kviletid på E39 på Halhjem.
– Det var jamnt med transport og vi kontrollerte 24 køyretøy, fortel Tom Børslid frå Statens vegvesen i ei melding.
Kontrollen resulterte i eit køyretøy som fekk skrifteleg manglar grunna brot på dispensasjon og tre som fekk bruksforbod/blei avskilta.
– I tillegg blei det skrive ut to dekkgebyr på 750 kroner kvar og to autopassgebyr på 8000 kroner kvar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.