Politi | 11. sep. 2023

Tre tilfelle av trugslar i helga

Ei kvinne truga på Os terminal, ein annan truga på bakgrunn av narkotikaforhold.

Tre tilfelle av trugslar i helga
Os bussterminal. ( Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesmåndag 11. sep. 2023 08:20

Fredag kveld litt før klokka 22 blei politiet kontakta av det dei opplevde som ei hysterisk kvinne.

Kvinna fortalde at ho var blitt truga av ein mannsperson på Os bussterminal.

– Mannen hadde reist vidare med buss., opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Det blei ikkje gjennomført operative tiltak. Politiet er usikker på om forholdet blir meldt.

Mottok drapstrugslar

Natt til laurdag fekk politiet melding frå ein mann i 20-åra.

– Han fortalde at han var blitt drapstruga, og at han vil melda vedkomande.

Bakgrunnen for trugselen skal ha vore eit narkotikaforhold.

Bisto kvinne som ville henta eigedelar

Søndag i 23-tida bisto politiet ei kvinne for å henta ut nokre private eigedelar frå ein bustad.

– Bakgrunnen for bistanden er skremmande og trugande åtferd.

– Mannen som bur i huset fekk pålegg av politiet å ikkje oppsøka kvinna dei neste 24 timane.

Leitte etter blodig mann

Søndag ettermiddag rundt klokka 17.45 fekk politiet melding om ein full mann som gjekk i området Hetleflåten retning Os.

– Ifølgje meldar hadde mannen ramla ein del, og blødde mykje frå nokre kutt i hovudet.

– Ein patrulje rykte ut, men då var mannen vekke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.