Sport | 11. sep. 2015

Treffsikker opningsplan

Onsdag var det «generalprøve», i morgon startar opningsstemnet, med over 400 startar. Dette er innhaldet og utstyret i nye Os Idrettspark.

Treffsikker opningsplan
F.v.: Prosjektsjef Tor Inge Døsen frå Os kommune, Bård Alfstad frå Osbadet (som har ansvar for drift av anlegget) og Sverre Mowinckel-Nilsen frå Os TF friidrett. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. sep. 2015 10:00

Bildeserie:

Os Idrettspark har nytt klubbhus og mykje nytt utstyr, blant anna til tidtaking. (Foto: KVB)
Os Idrettspark har nytt klubbhus og mykje nytt utstyr, blant anna til tidtaking. (Foto: KVB)
Over 400 startar er registrert til opninga laurdag. (Foto: KVB)
Over 400 startar er registrert til opninga laurdag. (Foto: KVB)
Os kommune har kjøpt inn alt som friidretten hadde på ønskjelista. (Foto: KVB)
Os kommune har kjøpt inn alt som friidretten hadde på ønskjelista. (Foto: KVB)
Klubbhuset på 120 kvm blir seinare supplert med bod på 80 kvm + garasje. (Foto: KVB)
Klubbhuset på 120 kvm blir seinare supplert med bod på 80 kvm + garasje. (Foto: KVB)
Os TF friidrett er blant brukarane av anlegget. Dei opplever enorm rekruttering. (Foto: KVB)
Os TF friidrett er blant brukarane av anlegget. Dei opplever enorm rekruttering. (Foto: KVB)
I helga er det offisiell opning og stemne i Os Idrettspark. (Foto: KVB)
I helga er det offisiell opning og stemne i Os Idrettspark. (Foto: KVB)
1 av 6

I helga blir det yrande liv på Kuventræ i nye Os Idrettspark.

Os Turnforening si friidrettsgruppe, som er ein av brukarane av anlegget, og opplever enorm rekruttering for tida, arrangerer nasjonalt stemne med mange tilreisande deltakarar.

– Det er både UM og KM for veteran denne helga, likevel har vi over 400 startar. Det kjem blant anna deltakarar frå Haugesund og Voss, men naturlegvis flest frå klubbane i Bergen, seier Sverre Mowinckel-Nilsen frå Os TF friidrett.

Os kommune, som eig anlegget, har kjøpt inn mykje utstyr (sjå liste under). Onsdag blei det digitale testa, alt frå speakersystem til sensorar og kamera for fotofinish.

– Vi fekk ei liste frå friidrettsutøvarane og har kjøpt alt som sto på lista, seier Tor Inge Døsen frå Os kommune.

Offisiell opning klokka 13.30

Stemnet startar klokka 10 laurdag og 11 søndag.

Frå 13.30 til 14.05 blir det opningsseremoni, som blant anna inneheld 4 x 100 meter politikerstafett (sjekk oddsen) to dagar før valet.

osturn.no finn du detaljert program for kvar friidrettsgrein.

Dette er Os Idrettspark

• Den gamle grasbanen frå 1953 er skifta ut med kunstgrasbane med internasjonale mål, 105 x 68 meter, med 5 meter sikringsfelt bak kvar mål og 2,5 meter på langsidene.

• 5000 kvm med nyoppretta felt med naturgras frå Jæren. Til spyd, diskos og slegge og eventuell annan bruk.

• Klubbhus (ikkje Os Turn sitt, men Os kommune/alle brukarar) på 120 kvm, sett saman av 8 modular som tidlegare var midlertidige klasserom i Lysefjorden. Det kjem også 80 kvm bod og garasje for traktor og utstyr i tillegg.

• 6 løpefelt merkt for alle distansar, også hekkeløp.

• 2 lengdegroper med tillaup

• Kulefelt (som fekk gjerde rundt seg i går)

• Ny tjukkas med «hus». God plass for høgdehopp.

• Mykje nytt utstyr, blant anna lys, speakeranlegg, sensorar, kamera og tjukkas.

Kva manglar?

Det er lagt til rette for stavsprang, men førebels ikkje kjøpt inn utstyr til dette, då det heller ikkje er behov nett no.

For tillaup til spyd, og ved den nyaste lengdegropa, skal det koma dekke. Til opningsfesten i morgon er det lånt matter frå Fana IL.

Nokre kveldar i veka er heile Os Idrettspark sett av til friidrett 2-3 timar. Det betyr at fotballbanen ikkje kan brukast til trening desse timane.

– Her har eg kome med forslag om å laga eit mobilt gjerde på langsidene, då får vi endå betre nytte av den nye fotballbanen.

– Eg kjenner ikkje til at det er gjort andre stadar i Noreg, men det kan enkelt løysast med bildekk fylt med betong som søylene kan stå i. Får vi til ei mobil løysing, at gjerdet kan fjernast ved friidrettsstemne eller fotballkampar, så kan fotball og friidrett trena samtidig.

Dette kjem tidlegast på plass til våren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.