Kultur | 12. mars 2011

Treng folk - arrangerer kurs

Fredag blei det kjent at Smakverket har fått drifta av restauranten i Oseana. No arrangerer dei kurs for potensielle medarbeidarar.

Treng folk - arrangerer kurs
Andris Hamrelørdag 12. mars 2011 18:29

Smakverket som driv kafeane i Bergen Kunstmuseum og restauranten ved Fana Golfbane har fått ansvaret for å driva restauranten ved Oseana kunst- og kultursenter.

- Ved store bankettar og arrangement treng vi opp mot 40-50 servitørar, fortel Christian Stokke Mathisen i Smakverket.

Han fortel at dei ønskjer å levera kvalitet, ikkje berre på maten, men òg på opplevinga. Derfor inviterer han no til kurs for å gje potensielle medarbeidarar eit innblikk i kva kvalitet handlar om.

50% mat

Eit måltid består ifølgje Mathisen av 50% mat. Resten er av opplevinga handlar om omgjevnadane og menneska som serverer maten.

- Ei god oppleving handlar i tillegg til mat om korleis du blir tatt hand om og kva atmosfære du er i, seier Mathisen.

- I Oseana er kulissane på plass, no handlar det om å få gode folk på plass til å ta hand om gjestane.

For å skapa den stemninga dei ønskjer inviterer no Smakverket interesserte til kurs i serveringas kunst.

Seks skuletimar

Smakverket ønskjer å rekruttera folk lokalt.

- Det kan vera studentar som ønskjar ein deltidsjobb eller heimeverande som har lyst på ein ekstrajobb, seier Mathisen.

Han inviterer no til eit sekstimars kurs kor deltakarane skal læra kva som er servitøren si rolle, korleis dekka eit festbord og kva skal til for å servera frå fat.

- Visste du at det verste ein servitør kan gjera er å bruka sterk parfyme på jobb? spør Mathisen.

- Gjer du det, tek du fokus vekk frå maten.

Om du er interessert i å jobba saman med Smakverket kan du senda ein e-post til Christian Stokke Mathisen eller gå til gruppa Smakverket treng DEG på Facebook.

Han fortel at kurset vil ta for seg kva rolle ein servitørh har, korleis kler du deg, kva krev loven i høve til servering og ikkje, korleis dekkar du eit festbord, korleis serverer du og kva gjer du når du ryddar eit bord.

Lokale produkt

Smakverket har teke mål av seg å kunne levera kortreist mat i Oseana.

- Om det er lokale produsentar eller om det er nokon som veit om nokon som driv med produksjon av matprodukt lokalt ønskjer vi å få eit tips, seier Mathisen.

- Dess kortare veg frå jord/fjord til bord dess betre er det, smilar Mathisen.

- Dette høyrest eksklusivt ut. Kva prisar kjem det til å vera hos dykk?

- Vi ønskjer å ha eit tilbod til alle med ærlege smakar og lokal forankring.

- Du skal ikkje vera nødt til å kle deg i mørk dress for å eta hos oss, avsluttar Mathisen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.