Sport | 02. sep. 2009

Trer inn i sjefsrolla

A-lagstrenar Frank Hellevik får utvida rolle i Os-fotballen med nytt engasjement. Han har fleire idear til korleis klubben skal koma på rett kjøl igjen.

Trer inn i sjefsrolla
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. sep. 2009 21:59

Frithjof Wilborn gjorde kort karrierere i Os Fotball AS og Os Turn Fotball har i løpet av det siste året kome skeivt ut økonomisk.

Ein ny og langsiktig sponsoravtale med H-vinduet Magnor skal saman med låneopptak sørgja for at klubben får gjort opp for seg. Samstundes får A-lagstrenar Frank Hellevik oppgåva med å halda hjula i sving også utanfor banen den nærmaste tida.

- Eg er ikkje tilset, men engasjerer meg ut året for å skaffa inntekter til Os Turn Fotball, seier Frank Hellevik.

Han held sjølvsagt fram som trenar, så no blir det Os-fotball døgnet rundt. Hellevik jobba hos H-vinduet Magnor før han overtok rolla i administrasjonen i klubben, og har det han omtalar som "ei grei ordning" dei første månadane etter han sa seg opp.

Altmulegmannen
Hellevik har hatt ein formidabel sportsleg suksess, etter tapet i første heimekamp har Os vunne alt. Men heller ikkje administrative fotballoppgåver er nytt for fotballentusiasten.

- I min førre klubb Baune tok eg på meg mange andre oppgåver enn det å vera trenar, frå å vaska spelardrakter til å ha eigne trenarsamlingar ein gong i månaden. Av meir merkantile aktivitetar lagde eg programblad før kvar heimekamp og eige magasin, "Bauneavisen", der eg hadde alt frå sal av annonsar til tekst og innhald, fortel Frank.

Opp med aktivitetsnivået
Eige magasin for Os-fotballen, fleire arrangement, tettare kontakt med næringslivet og eigen fotballskule i haustferien er blant det Hellevik har planar om.

- Blant dei første aktivitetane vi skal ha, er storkonserten med Vassendgutane 18. september, fotballskule kvar dag i haustferien, der eg er blant trenarane, og Midtsiden Cup 14. til 17. oktober.

- Vi ssynes at vi skal vera jordnære, og satsa på å gjera mange små ting bra. Eg har mykje energi og likar godt å prøva å vera litt kreativ, så eg gler meg til denne hausten, både på og utanfor banen.

Kjekt å helsa på
Frå treningane og treningskampane starta i vinter har Hellevik fått inntrykk av at osingane er svært engasjert i fotball.

- Folk kom og såg på treningar og ikkje minst treningskampane. Vi har også mange som reiser på bortekampane, då vi slo Løv-Ham 2 var det sikkert 50-60 osingar på tribunen på Varden, fortel han.

Folk kjem med kommentarar og synspunkt. No ser han fram til meir av same sort, når han skal rundt i Os og treffa folk frå næringslivet.

- Eg vil også jobba for å få tettare samarbeid, både med friidretten og handballen i Os Turn, og med andre idrettslag i krinsen. Det er så mange flinke folk som engasjerer at eg er sikker på at vi kan finna på spennande ting saman, seier Frank Hellevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.