Lokal | 01. juli 2009

Trilla i grøfta

Ein fotgjengar måtte flytta seg då ein førarlaus lastebil kom trillande langs Bjørnavegen i dag.

Trilla i grøfta
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. juli 2009 12:47

Bildeserie:

1 av 3

Onsdag ettermiddag var ein sjåfør for Lyssand Gartneri heime eit ærend. Då han kom ut til busshaldeplassen der han sette frå seg lastebilen, var bilen vekke.

- Ein nabo såg bilen trilla nedover vegen. Ein som sto og venta på bussen på motsett side måtte flytta seg for ikkje å bli overkjørt, fortel sjåføren.

Ingen blei skadd i lastebilen sin tur ned vegen og utfor på motsett side.

- Eg hadde trekt handbremsen opp så langt den gjekk, men hadde ikkje sett den i gir.

Ei grein stikk gjennom bakveggen på kassen, elles ser ikkje lastebilen ut til å ha fått dei store skadane. Ein redningsbil frå Viking er på veg for å dra bilen opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.